Varderekka
Vardevandring langs Nasjonal Turistveg Sognefjellet (1. 434 m.o.h.)
Vardevandringsbrosjyre for Sognefjellet (pdf)

Over ei strekning på ca. 16 km mellom Krossbu og Turtagrø kan ein rusle frå varde til varde, slik ein gjorde før bilvegen vart bygd i 1938. I alt er det registrert over 300 vardar på denne strekninga.
Sjå presentasjon av varderekka.
Oppland Fylkeskommune har til no registrert over 300 vardar på denne strekninga. Vardane har hatt mykje å sei for trygg ferdsel over fjellet gjennom fleire hundre år. Vardevegen slik den framstår i dag er eit viktig kulturminne og vardane må ikkje endrast eller
øydeleggast på noko vis.