Aktivitetar
Sognefjellet eit eldorado for friluftsinteresserte.
Sognefjellsvegen (riksvei 55) er nasjonal turistveg, og svingar seg fra fjellbygda Lom, over Sognefjellet og ned til Gaupne ved Sognefjorden. Langs vegen er det muligheit for mange ulike aktivitetar i området som omfattar både Norges høgste fjell og nokre av dei flotteste brefalla i landet. Her kan ein få guida turar av ulike slag både for den som søkjer spenning og for den som er ute etter fred og ro.
Sesong
Fjellovergangen på Sognefjellsvegen er stengt om vinteren, men det er aktivitetstilbod på begge sider av fjellet heile året. Føringsfirmaene tilbyr skredkurs, isklatrekurs og skiguiding i perioden desember-mars, og arrangerer feltklatring i lavlandet og vårskiturar i Jotunheimen i perioden mars-juni. Sommersesongen, som gradvis går over i haustsesong med mange av dei same aktivitetstilbuda, varer fra juni til oktober, avhengig av når vinteren set inn i fjellet.
Aktivitetsbrosjyre for Sognefjellsvegen 2006 (pdf)
Vegmelding Sognefjellet
- Hold musa over tala på kartet og les meir om dei ulike aktivitetane